Referat frå årsmøte i RHF-Rogaland 23. mars 2019.
Årsmøte blei innleia med innhaldsrik og detaljert presentasjon om Bjerkreim Bilselskap. Johan Vassbø, barnebarn til første sjåfør i selskapet formidla og fortalde om selskapet. Etter foredraget fekk Johan Vassbø blomar og ei RHF – lue, som takk av leiar Rune Hauge.
19 medlemmer møtte på årsmøte i Bjerkreim Kommunehus.
Saker til drøfting:
1. Opning: Rune Hauge ønska velkomen til årsmøtet, og tok til kl 13.30.
2. Val av møtefunksjonar. Desse blei valde: Petter Eiane ordstyrar, Audun Rosland referent, Odd Terje Gundersen og Knut Inge Knutsen til å skrive under møteboka.
3. Innkallinga blei godkjent, og var kunngjort i medlemsbladet Rutebil i februar.
4. Årsmeldinga for 2018; blei gjennomgått og meldingar for restaureringsprosjekta og biblioteket blei presentert i etterkant av meldinga. Tilleggsopplysning; Karmøyruta, L- 9067, blei overført til Veteranbusslaget Karmøyruta omkring årsskifte 2018/2019. Odd Terje Gundersen presiserte opplysningar om Chevrolet understellet. Det kan vera produsert så tidleg som 1945 eller før, medan registrering av vogna første gong er i 1947. Chassiet blei levert frå Sunde Bil, importør i Stavanger. Etter årsrapport 2018 om Chevrolet L-15680 var gjennomgått, fekk Odd Terje overrakt blomar for innsatsen så langt med å få klar og registrert bussen. Vidare blei årsrapport for prosjekt Volvo «snabbe» lagt fram. Årsrapport for RHF bibliotek og busshistorisk samling på Flotmyr blei presentert av Ole Petter Espeland.
5. Rekneskapen for 2018 blei så gjennomgått og diskusjonen med spørsmål gjekk over i budsjettdebatt: Vedtak: Årsmeldinga med rapportar og revidert rekneskap blei så godkjent.
6. Budsjett for 2019
Styret bør sjå vidare på dei spørsmåla som er notert; mellom anna om EU-kontroll, marknads-føring av dei kjørbare vognene for utleige på nettsider og anna aktivitet som er planlagt. Kan utgiftene til sveisegass reduserast? RHF må søkja løyvefritak for Østerhusbussen, RE 39141.
Vedtak: Budsjettet blei godkjent slik det var lagt fram med merknadar ovanfor.
7. Innkomne saker; i alt 4 framlegg blei lagde fram med innstilling frå styret.
7.1. Frå Magne Løtoft, om valgnemnda si innstilling.
Ei innstilling frå valgnemnda om nye styremedlemmer bør liggje føre minst 2 veker før årsmøte.
Dette bør inn i dei lokale vedtektene slik det vil samsvara med dei sentrale RHF- vedtektene.
det blei diskusjon om frist på 2 veker skulle vera eit krav eller ei målsetting. Dersom det skulle vera ei målsetting ville det høyra heime i retningslinjene drift av lokalforeninga. Saka blei deretter stemt over ved handsopprekking med 11 røyster for, 1 imot:
Eit nytt punkt om innstilling 2 veker før årsmøte ført i lokale vedtekter blei vedteke.
7.2. Om betre budsjettstyring og økonomiarbeid:
Magne Løtoft kom med framlegg om å betre økonomien, mellom anna med å søke økonomisk støtte lokalt med å ta kontakt til bedrifter m.m. for å få økonomisk -og anna sponsing. Slik har Sokndal sikra seg nytt golv i Snabben og skaffa logo til reklame. Tilsvarande blei nemnt av odd Terje Gundersen at Ernst Arve Stangelend har sponsa og lagt nytt golv i Chevrolet L-15680. Det var semje om at det nye styret bør arbeida vidare med spesifisert budsjett for kvar buss og prioritera økonomi med å søkja om økonomisk støtte.
7.3. Frå Svein E. Stueland om å utrede organisering og drift av aktivitetene på Haugalandet og om det vil være formålstjenlig med en deling av foreningen til en Nord- og Sør avdeling: Svein E. Stueland kom med framlegg om at RHF bør vurdera om det er føremålstenleg å dela og oppretta ny avdeling i Nordfylket. Han argumenterte for å arbeida vidare med denne saka.
Bakgrunnen om saka er kjent frå i fjor, med ekstraordinært årsmøte og medlemsmøte der endra organisasjon i nord var tema. Forslaget, som ble lagt fram fra en nedsatt komite den gang, ble aldri realitetsbehandlet. Stueland reiser nå spørsmålet om det kanskje ville være mer tidsriktig å reetablere den gamle ordningen med en egen RHF-avdeling i nordfylket. Det finnes mange eksempler på at en forening med lokal tilhørighet både lettere får økonomisk støtte fra institusjoner i nærområdet og lettere klarer å mobilisere medlemmer til «å ta et tak» for foreningen. Han la fram en grundig argumentasjon, dette vedlegges protokollen til orientering.
Etter diskusjon var Årsmøtet enig om at saken burde behandles videre i styrenedsatt komite, bestående av 2 representanter fra nord- og 2 fra sørfylket. Mandat – Å utrede om det vil være formålstjenlig å skille ut nordfylket i en egen avdeling innen RHF. Det stemtes skriftlig over dette.
Vedtak : 14 svara ja på å utgreie framlegget, 2 var i mot og 1 blank stemmeseddel.
17 medlemmer deltok, to hadde gått frå møte under drøfting av meldingane.
7.4. Framlegg frå Ernst Arve Stangelend og Alv Harald Vistnes om å forhaldla om ny avtale om biblioteket, er lite aktuelt om eventell ny organisasjon blir realisert. Alv Harald Vistnes trekte framlegget inntil vidare.
8. Valg:
Valgkomiteen ved Odd Terje Gundersen la fram forslag til nye styremedlemmer og leiar.
Desse blei valde :
Leiar: Alv Harald Vistnes 2019 – 2020 1år Ny
Styremedlem: Rune Hauge 2019 – 2021 2år Attvalg
Styremedlem: Ole Petter Espeland 2019 – 2021 2år Ny
Varamedlem: Odd Terje Gundersen 2019 – 2020 1år Ny
Kasserar: Øyvind T. Gilja 2019 – 2021 Attvalg
Styremedlem: Peter Magnussen 2018 – 2020 2 år *)
Sekretær: Audun Rosland 2018 – 2020 2 år *)
*) Medlemmer i styre, valde i 2018 for eit år til (perioden 2018 -2020)
Øvrige tillitsverv:
Revisor: Jørn Malde 2019 – 2020 1 år ny
Etter valget fekk Odd Terje Gundersen takk for arbeidet i valgnemnda.
Dette var godt forebudd og slik gjekk det raskt å få på plass styre med leiar i år.
Framlegg om ny valnemnd: Jørn Malde, blei valt. Styret får i fullmakt å finne kandidater til valnemnda i samarbeid med Jørn Malde. Knut Inge Knutsen er kontakt i nord.
Det nye styre får fullmakt til å finne medlemmer til ei nemnd / komite: Desse skal greia ut om det er føremålstenleg med ein ny organisasjon og kome med framlegg om framdriftsplan for eventuell deling og «sjølstyre» i Nordfylke.
Øyvind T. Gilje avrunda møtet med å orientera om tidlegare plan for eit RHF – Landstreff i Rogal. Desse planane er skrinlagt og utsett på ubestemt tid i vårt område. Responsen blandt medlem-mer har vore liten for ideen, og plan om å ha Landstreff for bussar i Rogaland til neste år utgår.
Rune Hauge blei takka for arbeidet som leiar og ordstyrar fekk takk for møteleiing. Årsmøte var slutt ca. kl 16.30 Referent: Audun Rosland
Odd Terje Gundersen Knut Inge Knutsen
Sign Sign